Syting om ymse
Eg skal prøve å ikkje kome med for lange utleggingar i dag. Men noko har eg på hjartet som er godt å få ut.
Eg har i fleire år sett på utviklinga i julehandelen. Den klare tendensen er at julehandelen startar tidlegare og tidlegare. I år såg eg reklamert med julegåvesal i slutten av september. Då var det heile tre månader til julafta. Dei siste åra har det vore vanleg å sjå julevarer i butikkane i oktober. Slik sett skiller ikkje 2008 seg frå dei siste åra. Men kva blir det att av dei små julegledene som julekaker og julebrus på glasflasker om vi skal kunne nyte desse i tre månader før jul, og to månader etter - slik at varelagera kan tømast?
Ikkje berre gjeld det dei nemnde varene, men det er det same med julenissar i vindauga, julesjokolade, juleribbe, jul meg her og jul meg der. Personleg så er eg motstandar av å nytte julevarer før 1. desember, eventuelt fyrste søndag i advent der denne fell på siste søndag i november. Klart kan ein argumentere med at det blir mindre stress med juleførebuingane om ein kan spre dette over fleire månader. Men er ikkje dette ein del av gamet då? Det er vel litt styr i desember som skal til og så får vi slappe godt av jula når ho verkeleg kjem. Slikdet er no så blir ein nesten lei av heile jula før vi kjem til ho. Eg stemmer difor for at vi i Noreg vedtek i lovs form at ein ikkje skal marknadsføre jula til næringsføremål før dei mende datoar. Då eg tvilar på at eg får fleirtal for noko slikt, held eg fram med mi eiga vesle demonstrering: eg kjøper ikkje noko som har med jul å gjere før dei nemde datoar, og eg oppmodar andre til å gjere det same.
Det andre problemet eg vil kommentere har ikkje noko med jul å gjere. Derimot har det med hjul å gjere. Eg har i lengre tid vor vitne til at det har vorte lagt fartsdemparar i ein del gater i Bergen. Det gjeld i fremste rekkje Michael Krohns gate (heretter MK) og Løbergsveien (heretter L). I fyrstnemnde har desse kome etter ei nærast total renovering av gata, og i begge som eit middel til å handheve dei lågare fartsgrensene som er innført. Eg vil ha sagt at i L så er det å senke fartsgrensa eit positivt tiltak då det har vore problem med stor gjennomgangstrafikk. Det som ergrar meg grenselaust er den totale mangel på realistisk tankegang som ligg bak designet på fartsdemparane i dei to nemnde gatene.
I MK er oppstigninga til fartsdemparane laga av flate betongblokker som er lagt på skrå. Dette fører til ein svært brå overgang når ein både skal køyre inn på fartsdemparen, og når ein skal av han. I tillegg kjem desse brå overgangane ikkje berre ved på og av, men to gonger på og av grunna at kvar betongblokk har to grenser mot asfalt. I byrjinga var det endå verre. Då var det ikkje fylt i melom betongblokkene og då køyrde ein fyrst opp og så datt ein ned i eit hol som var lågare enn vegen for så å humpe opp av holet og så køyre ned att på vegen. Etter at demparane vart ferdige vart sjølvsagt ikkje det noko problem lengre. Dt som er problemet er at betongblokkene og dei brå overgangane fører til at bilar og bussar gjer brå røyrsler. Dette fører igjen til at slitasjen på asfalten akkurat i overgangen til betongblokkene blir større. Det er i ferd med å bli seinkingar i vegen og nesten holer der desse demparane er. No køyrer ein ikkje over ein dårleg fartsdempar, men ein må ned i ei hole etter at ein har passert og. Dette gjer køyreturen svært lite komfortabel.
I L har det vorte laga fartsdemparar på gamlemåten, berre av asfalt. Dei fleste av desse er ganske greie å køyre over. Likevel er der to bøygar. Der er to fartsdemparar ved Statoil i Solheimsviken. Desse fungerer i tillegg som gangfelt. Her har dei som har laga dei anten gjort sitt beste for å øydeleggje den som skal køyre over dei, eller så har dei berre gjort ein elendig jobb i å fikse overgangane til vegen. Fartsdemparane er så bratte i enden at det er som å køyre opp ein dobbel asfaltkant ,eller å skulle køyre inn på ein høg fortauskant. Det er greit nok at fartsdemparane skal dempe fart, men på denne måten? Eg er livredd når eg køyrer over dei, for tenk kva eg kan riste laust i bilen om eg har for stor fart. Det verste er at dei skiljer seg slik frå dei andre fartsdemparane i design at om ein trur at ein kan halde same fart over må ein tru om att. Fyrste gongen eg køyrde der, og fleire gongar seinare har eg køyrt i den farta eg har brukt på dei andre fartsdemparane med svært uheldig resultat. Eg har nesten gått gjennom taket. Kva kan vel ikkje skje med aluminiumsfelgar om ein køyrer inn i ein slik kant? Det blir bulk det om ein ikkje er varsam. Kven skal betale for å fikse dei skadane? Det er bilisten det, som køyrde for fort. For fort? 10 km/h i ei 40 sone er 30 km/h under det. Kva oppmoding har ein bilist til å vere så varsam ved ein eller to fartsdemparar når dei andre er laga slik at det går an å køyre over dei? Det er nesten så eg kunne kalla fartsdemparane ei farleg innretning som vegeigaren måtte vere objektivt ansvarleg for. Men det blir eg nok neppe høyrt med. Mi oppmoding er at dei som lagar slike fartsdemparar lagar dei slik at ein bilist som ter seg som bonus pater familias kan køyre over utan å måtte risikere både seg sjølv og bilen.